Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
27
Æventyri paa vandring.


»Gamall vane er vond aa venda,« tenkte mannen, »men det skulde vera snodigt, um eg ikkje fekk rett ein gong eg og.« Han ut i hølen og fekk tak i haarluggen paa henne, so vidt at ho fekk hovudet yver vatnet. »Skal me so skjera aakren?« sa han. »Klippa, klippa, klippa!« skreik kjeringi. »Jau, eg skal læra deg aa klippa eg,« tenkte mannen, og dukka henne under; men det hjelpte ikkje, — dei skulde klippa, sa ho, daa han tok henne upp att. »Eg kan ikkje anna tru, en at kjeringi er fraa vitet,« sa mannen med seg sjølv. »Mang ein er galen, og veit det ikkje, mang ein hev vit, og naar det ikkje; men eg fær no freista ein gong til likevel,« sa han, og slepte henne nedi att. Men fyrst ho var komi under vasstraamen, so sette ho handi upp yver vatnet, og til aa klippa med fingrarne som med ei soks. Daa vart mannen storsint, og dukka henne baade væl og lengje. Men rett som det var, seig handi ned under vatnet, og kjeringi vart med eit so tung, at han laut sleppa taket. »Vil du draga meg ned i hølen til deg og no, so kan du liggja der, dit troll!« sa mannen, Og so bleiv kjeringi.

Men daa ei tid var gjengi, tykte han det var ille, at ho skulde liggja der og ikkje koma i kristen jord, og so gjekk han ned langsmed aai og leita og sokna etter henne. Men alt det han leita, og alt det han sokna, so fann han henne ikkje. Han fekk med seg gardsfolket og andre folk fraa grannelaget, og dei gav seg til aa grava og sokna nedetter heile aai alle i hop; men alt dei leita, so fann dei ingi kjering.

»Nei,« sa mannen, »det kan nok ikkje nytta dette. Denne kjeringi var no ei kjering for seg sjølv ho,« sa han. »So lengje ho levde, var ho beint paa tvert, og ho kan vel ikkje vera annarleis no helder,« sa han; »me fær til aa leita uppetter og prøva ovanum fossen, — kanskje hev ho fløytt seg uppetter.«

Aa ja, dei gjekk uppetter og leita og sokna ovanfor fossen. Der laag kjeringi, det var rektigt nok. Det var kjeringi mot straumen det.

Soleis ser altso den norske støypingi ut. Ho er gjord med det for auga, som rett er, at dei tri sogorne høyrde