Hopp til innhold

Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
20
Æventyri paa vandring.

tanken er her aa syna, korleis dyri kan vera takksame, medan menneskja er utakksam. Og dette er nettupp ein egte indisk tanke, som ein ser framsett og brigda paa hundrad ulike maatar i buddistiske skrifter. Det er ein tanke som heng nær i hop med indisk trudom i det heile, og serleg med læra um sjælevandringi, som i eit og alt set dyr og menneskjor paa meir like fot med kvarandre.

Naar denne grunntanken hev halde seg i dei andre asiatiske sidestykki, like eins som i dei latinske og tyske, so lærer dette os, at dette æventyret hev ikkje vandra inn i Europa ved aa gaa fraa munn til munn: fraa ein indiamann til ein persar, fraa ein persar til ein arabar, og fraa arabaren til ein europæar. Hadde æventyret spreitt seg utyver paa den visen, so hadde dette med dei takksame dyri og den utakksame menneskja snart vorte umbrigda elder heilt utskilt, — som i vaart norske æventyr, og i so mange av dei andre æventyri, som er førde over til Europa paa den vanlege vegen, fraa munn til munn; — dei ogso veit nok aa segja av dyr som er takksame, men dei brukar ikkje deira takksemd som motstykke til den utakksame menneskja, soleis som dei indiske æventyri. Dei ymse asiatiske utgaavor av dette æventyret, um dei takksame dyr og den utakksame mann, like eins som dei latinsk-tyske, dei kan derfor ikkje vera anna en umskrifter med pennen, fraa bokverk til bokverk. Og me kan daa ogso peika ut so godt som alle millomledi fraa det eine umskiftet til det andre.

Men dermed er det ogso med det same sagt, at vaart æventyr, »Han far sjøl i stua«, det maa paa det siste stykket av vegen her upp til Norge hava vandra paa den andre maaten. Anten det no er kome gjenom forteljingi hans Rikard løvehjarte, elder fraa andre kjeldor (tyske elder franske) — til os maa æventyret hava naatt ved aa gaa fraa munn til munn. Det viser seg nettupp av det, at