Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
19
Æventyri paa vandring.

vel ikkje onnor raad en at eg fær selja honom. Men det segjer eg ifraa fyreaat, at gjev du meg ikkje so mykje for steinen som han er verd, so vert han ikkje verande hjaa deg, men kjem attende til meg. »Eg skal gjeva deg, so du skal vera nøgd. Du skal faa det steinen er verd,« sa keisaren. Og so gav han tolv tusund dalar for steinen.

Men morgoen etter laag steinen i kista til vedhoggaren igjen. Daa kjeringi høyrde det, sa ho: »Tak steinen og spring til keisaren, so han ikkje skal segja du hev stole fraa honom.« Mannen so gjorde, og daa han kom til keisarborgi og spurde keisaren, kvar han hadde steinen, sa han, at han hadde honom nedlæst i kista si. Men so synte vedhoggaren honom, at han hadde steinen, og daa keisaren saag det, tok han aat aa spyrja etter, korleis han fraa fyrst av hadde fenge tak i honom. Daa fortalde vedhoggaren um, korleis han hadde hjelpt hovmeistaren og dei ville dyri upp or dyregravi, at dyri hadde gjeve honom takk og gode gaavor for hjelpi; men hovmeistaren lovde væl og heldt ille, og gav honom vondt for vælgjort. Daa keisaren høyrde slikt um hovmeistaren, sende han bod paa honom, og spurde korleis det hadde seg med dette. Hovmeistaren kunde ikkje negta, at det var sant, og daa vart keisaren vond og sa: »Din skarv du er! Du heiter ikkje Utakk for ingenting. Dei ville dyr i skogen gjer skam paa deg; for du løner vælgjort med fantestykke. Men det skal du faa lida for. Alt det du eig av laust og fast, det gjev eg aat vedhoggaren; han skal vera hovmeistar i din stad, og du skal verta hengd den dag i dag.«

Og soleis gjekk det. Keisaren fekk lov og pris, for det han skifte som rett var millom dei, og vedhoggaren greidde sit so visleg og væl, at han fekk riket etter keisaren, og styrde væl alle sine dagar.

Det syner seg straks med den fyrste gjennomsyni, at desse utlendske æventyri stend nær saman og skil seg ut fraa det norske, og det i sjølve hovudstykket, kan ein segja. Det som i det norske æventyret er hovudsaki, elder det heile aa kalla: forteljingi um grefti og alle dei som stuper nedi, det er i dei andre berre ei innleiing. Sjølve hovud-