Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
8
Æventyri paa vandring.

honom, som ho vilde takka honom for hjelpi. Dermed gjekk ho sin veg, og let eselet vera att. Mannen tok det daa heim med seg, og glad vart han, daa han saag kva det var i kistorne og pakkarne. Han var no ein rik mann med det same. Dagen etter gjekk han like eins til skogs, og daa kom apekatten og hjelpte honom aa kvista og leggja upp veden; han kunde skyna det var meiningi, at han ogso vilde gjera det han kunde til takk for vælgjort. Daa han var ferdig med arbeidet og dreiv eselet heim med ei vedklyv, møtte han ormen som han hadde drege upp or grefti. Han bar ein stein i munnen, og den steinen var baade kvit og svart og raud. Daa ormen var komen nær honom, slepte han steinen og rende inn i skogen att.

Vedhoggaren tok steinen og gjekk med honom til ein steinkjennar; og spurde kva gagn det var i honom, Mannen baud honom straks fem hundrad dalar for steinen; men vedhoggaren sa, at han vilde ikkje selja honom, berre høyra kva han dugde til. — Jau det var til tri ting, sa steinkjennaren: »til aa veita fullt upp av alting, utan nokon skort elder brest, til aa gjeva gleda utan sorg, og ljos utan myrker. Og den som ikkje gjev deg det for steinen som han er verd, han kjem ikkje til aa hava honom lengje i sit eige, — daa kjem steinen tilbake til deg att.« Vedhoggaren vart glad for detta, kan du vita, og takka mannen for vælgjort. So skunda han seg heim til kjeringi og fortalde henne, korleis lukka hadde vendt seg. Dei fekk snart merka og, kva steinen dugde til; for no kom dei seg for kvar dag. Vedhoggaren kjøpte seg ein herregard, baade med gardmenn og husmenn under; og det var ikkje lengje fyrr han var ein av dei fyrste i heile grannelaget.

Daa keisaren fekk høyra, at det hadde vorte slik mann av vedhoggaren, so sende han bod etter honom, og spurde korleis det hekk i hop med detta. Jau, vedhoggaren sa, at det var steinen han hadde aa takka baade for rikdomen og alt. So sa keisaren, at han vilde kjøpa steinen av honom; men vedhoggaren sa nei, — han hadde bruk for steinen sjølv. So sa keisaren, at han fekk gjera som han vilde; men vilde han ikkje selja steinen til honom, so skulde han jaga honom ut av land og rike. »Ja, naar du endeleg vil hava steinen,« sa vedhoggaren daa, »so er det