Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
17
Æventyri paa vandring.

nen han var i lag med i skogen igaar stend ute og vil tala med honom,« sa vedhoggaren.

Ja, dørvaktaren gjekk inn og sa det; men hovmeistaren vart vond, og sa at han hadde ikkje set nokon i skogen. Han skulde berre gaa sin veg; for han visste ikkje kva han var for ein.

Daa dørvaktaren kom med det svaret, vart vedhoggaren ille ved, og gjekk heim til kjeringi si og klaga seg saart, for det hovmeistaren hadde snytt honom so skammeleg. Men kjeringi sa: »Berre ikkje laast i vera. Rike folk er korte for hovudet, naar dei hev det annvint. Han hev vel havt mykje aa staa i i dag; derfor hev han skjussa deg fraa seg so braatt.« Dette trudde daa mannen med og gav seg til ro.

Den andre morgoen stod han tidleg upp og gjekk til keisarborgi att. Men hovmeistaren brukte harde ord, og let honom vita det, at han gjorde best i ikkje aa koma att oftare, for elles skulde han faa slik medferd, at han ikkje skulde verta huga paa aa koma dit meir.

Daa vedhoggaren kom heim til kjeringi og fortalde henne dette, trøsta ho honom, det beste ho visste, og sa: »Prøv det tridje gongen. Kanskje Vaarherre kan gjera honom meir godlyndt, og vil han ikkje høyra etter deg daa helder, so tenk ikkje meir paa det, men slaa deg til tols.«

Ja, han lydde henne i detta ogso, stod upp tidleg um morgoen, og bad dørvaktaren tala til hovmeistaren endaa ein gong. Det var ikkje meir so han let seg yvertala til det. Men daa hovmeistaren fekk høyra, at han var komen att, flaug han upp og fór ut, og let vedhoggaren faa slik juling, at han vart liggjande der meir daud en levande. Daa kjeringi fekk vita detta, gjekk ho dit med eselet deira, la honom upp paa ryggen av det og fragta honom soleis heim. Der vart han liggjande sjuk ei lang tid, til dei hadde ete upp den vesle smulen dei aatte.

Daa han var komen seg so vidt fyre, gjekk han til skogs att, som han var van med, for aa hogga ved. Der møtte han løva som han hadde drege upp av dyregravi. Ho dreiv fyre seg eit esel, som bar kistor og pakkar med mange kostelege ting. Og daa dei kom til vedhoggaren, stansa baade ho og eselet, og løva strekte seg og nikka til