Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
16
Æventyri paa vandring.


No var det ein fatigmann som levde av aa hogga og fragta ved fraa skogen. Han kom den dagen ogso, og daa hovmeistaren høyrde øksehogg, tok han paa aa skrika um hjelp. Daa vedhoggaren høyrde detta, gjekk han burtaat og spurde, kva han var for ein. »Eg er hovmeistar hjaa keisaren,« sa han, »og berre du hjelper meg upp av denne grefti, so skal du faa baade rikdom og æra; for her ligg eg i lag med ei løva, ein apekatt og ein orm, og det er ikkje godt aa vita, kven som fyrst kan finna paa aa eta meg.« — »Ja, eg er ein fatig mann,« sa den andre, »eg hev ikkje anna til levemaate for kona og borni en veden som eg høgg her. Skulde eg no kasta ein dag burt, so gjeng det paa skade, og kanskje du snyter meg attpaa.«

Men hovmeistaren lovde og svor baade ved gud og keisaren, at han skulde gjera alt han hadde sagt, og meir til. So skunda daa vedhoggaren seg til byen etter eit langt tog, som han fira ned i dyregravi. Straks løva saag det, tok ho tak i det, og vedhoggaren, som kjende noko tungt i toget, drog til, i den tanke at det var hovmeistaren. Men daa løva kom upp, gjorde ho mange blidlæte aat vedhoggaren, liksom ho vilde takka honom, og strauk so inn i skogen, for aa faa seg noko til aa eta. — Vedhoggaren slepte daa toget ned att, og daa han kjende det tok tak, drog han til, og trudde det var hovmeistaren; men so var det apekatten som kom upp. So drog han ormen upp, og hovmeistaren sat endaa der nede i dyregravi. Men daa kamratarne var komne upp, batt han toget um livet, og no hala vedhoggaren upp honom med, og deretter gav dei seg baae til aa draga hesten upp or grefti. Daa det væl var gjort, so sette hovmeistaren seg i salen og reid sin kos. Dermed rusla vedhoggaren ogso heim att. Men daa kjeringi hans saag, at han ikkje hadde ein vedpinne, spurde ho honom, kva det skulde, verta til levemaate for dei, naar dei ikkje hadde ved aa selja. Vedhoggaren fortalde henne daa alt som var hendt, og at hovmeistaren hadde lovt honom baade rikdom og anna. Daa vart ho med glad og sa: »No skal me gledja os til i morgo, so gjeng du og fær di løn.«

Um morgoen gjekk vedhoggaren til keisarborgi og banka paa. Dørvaktaren kom ut, og spurde honom kva han vilde. »Berre gakk til hovmeistaren og seg honom, at den man-