Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
15
Æventyri paa vandring.


— »Dette fortalde kong Rikard ofte, til ein spegjel for dei utakksame,« legg den engelske sogeskrivaren til.

Truleg hev ikkje kong Rikard høyrt denne forteljingi i øysterlandi. Heile skildringi peikar paa Sudeuropa som den heimstad han hev det ifraa. Derimot sidestykket til dette, det andre latinske æventyret, stend nærare dei øysterlendske kjeldor. Um det ikkje hev nokon slik namnkjend sogemann som Rikard løvehjarte, so er det so mykje merkelegare i seg sjølv. I vissa er det framifraa godt fortalt i ei umskrift paa gamall-engelsk, som er bygd paa den latinske. Her skal me taka det inn etter ei umskrift av Asbjørnsen, som ikkje hev vore trykt fyrr.

Det var ein gong ein keisar i Rom. Ein dag han vilde til ein annan by, so møtte han ein mann, og spurde honom kven han var. »Eg er ein fatig mann,« svara han; »mit namn er Utakk.« — »Visste eg du vilde vera trugen,« sa keisaren, »so skulde eg taka deg i mi tenesta.« Daa vart fatigmannen glad, kan du vita; han lovde aa vera trugen, og keisaren tok honom med til hirdi.

Her stelte han seg godt og væl i alle ting, og keisaren kom til aa gjera so mykje av honom, at han sette honom til hovmeistar. Men daa han kjende seg fast i salen, vart han storlaaten og lei mot smaafolk.

Eit stykke fraa keisarborgi var ein skog, der det var fullt med ville dyr. Her let hovmeistaren gjera ulvegraver og bjønnegraver, som dei breidde yver med kvister og lauv, so dyri sturta nedi, naar dei kom utpaa. So ein dag reid hovmeistaren gjenom skogen, og tenkte ikkje paa anna, en at han var den fyrste i landet og næst etter keisaren. Men best som det var, stupte baade hesten og han ned i ei av dyregraverne hans.

Ei stund etter kom det ei løva same vegen; ho og stupte nedi … so kom det ein apekatt, og etter den ein stor orm, som var fæl aa sjaa; dei med stupte ned i grefti til honom. Der laag daa hovmeistaren i grefti millom alle dyri, og visste seg ingi raad.