Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
21
Æventyri paa vandring.

det er umattgjort, at emnet er tilskipa til aa høva med livet og stellet her heime, med vaart folks syn og tenkjemaate, — med eit ord: det at vaart folk hev umskapt æventyret i sit bilæte. Det er med dette som med blomsterfræet, som vinden fører ikring fraa eit leite til det andre: Vokster-slaget held seg det same — eit liljefræ kan ikkje verta til ei rosa, — men serdraget, det tek sin svip etter jordbotnen og verlaget paa dei ymse stader. Lauvtrei hjaa os ser ikkje like eins ut som dei same lauvtrei i sudlandi.

Paa den maaten vert det likevel rettkome og sant, dette heimlege inntrykket som me alle hev av æventyret »Han far sjøl i stua«. Emnet, tilfanget er framand; og hev paa lange vegar naatt hit upp fraa India av. Men tilfanget er berre det same som raaemnet er i arbeidslivet. Det det gjeld um, er tilverknaden, makstren, nyskapingi, — den, og einaste den, er det som gjer diktarverket. Og kan ein tenkja seg noko meir norsk en skildringi av den gnistrande kalde vinternatti, den ylande hunden, dei luskande dyri, elder det turre skjemt i skildringi av den stakars fantekjeringi, med ein godmodig snert til menneskjeleg stakarsdom.

— Elder sjaa no her »Han far sjøl i stua« i afrikansk bunad. Hev han ikkje lært aa tenkja og tala som neger millom negrarne?

Æventyret mit handlar um ei kona. Ho datt i ei stor grav, ho og alle dyri. Ein veidar kom og saag dei. Dei sa han skulde koma og draga dei upp, og han sette ein stige ned i grefti. Leoparden spring til og er uppe; han segjer: »No eg er berga, skal me løna deg godt.« Ein til kjem upp; han segjer, at kvinna er stor mannskade. Rotta kjem upp; ho segjer, at ho skal løna honom godt. Kvinna kjem upp; henne tek mannen heim til seg.

Leoparden gjer væl; han gjeng og fangar dyr og ber dei heim til garden. Mannen vaknar; han segjer: »Dette hev leoparden gjort.« Rotta med gjorde væl; ho grov gang i jordi millom mannens hus og kongens hus, og stal fraa kongen. Mannen vart rik han.