Side:Martyra.djvu/98

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

venner, for mig isærdeleshed«, seier den bispelege skalk om Norigs fyrste aalvorsame fritenkjar!

————————

Alle kjenner Claus Fasting fraa studentklubben »Det norske selskab« i Kjøbenhavn. Han va ein av dei lærdaste, ein av dei aandrikaste, ein av dei som ga klubben mest glans utatil aa gjore mest til aa faa smak aa aand aa liv i klublive innatil — endaa han va den som drak minst.

Det va ein stilfarande golynt gut med eit makelaust neme (han tok studenteksamen 15 aar gamal) aa levande hug til lesna aa musik. Han va væl kjend med den engelske aa franske bokheimen aa arbeidde seg op ein stil so klaar aa fin aa leikande, at me jamvæl no kan nyte han som kunst. Han va gløg aa aandrik, den beste kritiske pen paa si ti, med klaart visyn aa utruleg mykje kunskap. Ein frigjort mann med trang til aa gjere noko for sine medmenneskje.

Men Claus Fasting hadde sine lyte som alle andre: Han hadde meininga som han for sit liv ikkje vilde sleppe; aa han va for kry til aa gaa paa embætsjagt med mjuk ryg aa glat tunge.

Han va ei fin djup natur. Alle intryk beit seg fast. Det er slutteleg daa, at det kom te setje merke etter seg eit laakt tilfelle som han kom ut for i sin ungdom.