Side:Martyra.djvu/99

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Ei enke leigde han til lærar aat dotter si. Han vart gla i den unge vakre jenta, aa ho vart gla i han. Dei lova dyrt aa høyre kvarandre til for heile live, daa dei skildes, aa han drog til Kjøpenhamn.

Men der va nok ei til som va gla i han. Aa det va mor til jenta. Ho vart ovunsjuk paa dotter si. Det maatte hindras at dei tvau fek kvarandre. Aa som mor hadde ho magt til aa hindre det; retten fek ho ta seg til.

Det galt aa faa dottera or vegen. Aa ho fann raa. Ho vilde gifte dotter si til ein gamal styving som gjerne saag at han fek ein ung blome til aa varme sin kalde heim.

Jenta sette seg imot med al si magt. Men ho vart stengd in i eit rom i fleire dage, til svolt aa hugsot vann so paa ho at ho ga seg.

Aa so kom presten aa sette segl paa den hellige pagt; aa dei va egtefolk paa leveti. — »For det som gud hev bunde kan menneskja ikkje skilje«.

Mor henna hadde vanne. Men berre det halve, berre det negative. — Dottera fek nok ikkje Fasting. — Men ho sjøl fek han endaa mindre. Han elska jenta si like brennande som før, aa han hata nok den gamle endaa meir enn før.

Aa ho som va gift ho gløymde kje sin Fasting. — Ho tærdes burt av graat aa hugverk. Den kjære egtemannen fek lite glee av sin fagre blom. Det hjelpte ikkje at han hadde presteatest for at ho