Side:Martyra.djvu/97

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

mann som veit kva han skal seie, ein mann som aldri trivla etter or. Aa no trengs det aa vere orhag. Som nikjær bisp aa go borgar skal han halde liktale over ein fritenkjande teolog, ein spottande blaskrivar, ein aandrik poet, eit stortenkt menneskje med varmt hjarte aa likevæl kongeleg norsk embætsmann, — ei sjæl som der ikkje va svik i, aa som samtia hadde vanvyrt, aa som bispen sjøl ikkje ha vaaga seg til aa kjennes ved som ven.

Men bispen greier seg som slike folk pla gjere.

No va det ikkje faarlegt. Han (Fasting) vilde aldri meir setje Sokratis jamsies med Christus, aa helder aldri meir skrive Christus med K istaenfor med Ch.[1]

Fasting kunne kvile i fre. Bispen sto sjøl ved senga aat den døyande aa las salmevers. Med sine egne bispelege øyro høyrde han den døyande seie desse merkjelege or med same han anda ut: »Hvorledes kortere? — men ikke let at træffe«. Aa bispen hadde nok. Han kunne felle sin dom.

No altso, naar »herlighedens himles salige aander« hadde bore mannen til Abrahams fang, no kunne bispen, sjælesyrjaren, lette samvite sit med aa kjennes ved sin ven aa seie som sant va, at det va ei stor aand aa ein hædersmann den Claus Fasting.

»For tidlig syntes han at dø for videnskabens rige, for Bergens by, for dette selskab, for mange

  1. Det vart halde for gudsbespotting det at Fasting i blae sit skreiv Kristus, aa at han nemnde Sokratis i same stykkje som han nemnde Kristus.