Side:Martyra.djvu/93

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Domen fall kl. 1. Emmet skulde hengas fyrst, aa attpaa halshoggas. Fraa retten vart han førd uti ei vogn aa kjaurt 10 engels mil utpaa lande, daa dei ottas for at folke med magt vilde rive han ut or fengsle. Fyrst daa dei naadde fram løyste dei av han jarna som va snørd om han so hart at bloe rann ut av dei sundsprengde lemene. Han fek lit mat aa somna. Vakna fyrst seint paa kveld. Dei faae timane som va att brukte han til aa skrive brev, eit til bror sin, eit til Sarah, aa eit til bror aat Sarah. Kl. 1 om natta vart han henta aa kjaurt attende til rettarstaen. Slik dragande magt hadde han over folk, at fangevoktaren uvita daa Emmet tok farvel med han. — Ein storfolkesverm hadde samla seg om skafotte. Han gjek sjøl opaa lemen, roleg aa fast. (Til ein ven som sto atmed fek han stikke breve til Sarah Curran; men venen vart sett fast, aa breve kom aldri fram). Han tok sjøl halskluten av seg aa hjelpte til med aa binde strikka om halsen. Eit par menut, — aa restane av ein av dei gildaste menneskje som hev levt dingla millom himmel aa jor, — hengd av sit lands undertrykkjara, med livstraaen avskoren i si ungdoms blomstring, i si fyrste aandelege aa lekamlege utvikling, fordi han hadde elska sit folk, aa hata sit folks svolkara — »Gud bevare os for slike folk«, skreiv regjeringsblae i London; »likevæl hev me aldri set eit menneskje døy som han. Han va ein gudlaus mann, aa til presten som fylde han sa han: »Eg takka Dyk for umaken; men det er faafengt. Meiningane