Side:Martyra.djvu/94

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


mine om denne sak hev alt lenge vore op aa avgjore, aa dette er kje stunda til aa skifte dei«.« 

Bødlane tok lekame ne; men endaa va kje domen fullbyrda. Dei maatte skjere halsen av, tok hovne aa synte fram for folke med dei or: »Dette er hovue aat forrædaren!« Folke sto som lamslegne av rædsle aa sorg, aa tunge taarer hagla neover kvart eit anlit. Dei kjende aa skyna at han ingen forrædar va, men ein martyr for Irland. Aa daa molane va tekne burt aa militærstyrken va reist, daa strøymde unge aa gamle til skafotte for aa dyppe lommedukane i martyrbloe for al sin dag aa ha eit minne om den hugsterke helten. Aa med dette hans hjarteblo ved sin barm hev det irske folk gjøymt minne hans, fagert aa reint, til denne dag, aa vil gjøyme det so lenge ira bur i lande.

————————

Sarah Curran, — ho hev vorte som ein helgen for ungdomen i Irland. Vers aa segner gjeng om ho, aa rørande er soga henna som eit dikt. Ho va dotter aat advokat Curran, ein mann velkjend i sit land fordi han so varmt forsvara ophavsmennene til revolusjonen i 1798. Robert Emmet hadde vanka der i huse, aa Sarah aa han vart gla i kvarandre. Men gamlen som skyna dette, aa som skyna kva ende det vilde ta med ein so hugstor gut i eit nekua land, forbau dei aa vere saman. Emmet fek aldri meir kome i huse; men i løynd skreiv dei til