Side:Martyra.djvu/89

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

som politie, aa ikkje retten, er paa veg til aa sende til skarprettaren, ikkje aalvorslegt aa sanferdigt skal faa forklare grunnane for sin handlemaate?

De, min herre, er domaren; eg er den som skal dømas. Eg er eit menneskje; De er og eit menneskje. Under ein revolusjon kunne me ha bytt plass, — men aldri karakter. Dersom eg stend for retten aa ikkje kan faa forsvare min karakter, for ei komedie er daa ikkje domstolen! Dersom eg stend for retten aa ikkje faar forsvare min karakter, kor kan de daa vaage aa baktale han? Politidomen som alt hev dømt lekame mit til dø, skal han au døme tunga mi til togn aa rygte mit til vanære? Bødlane dykka kan gjere ende paa mit liv; men so lenge eg er til, skal eg verje min karakter aa grunnane mine mot dykka tilsulking. Aa som ein mann som held æra dyrare enn live vil eg bruke min siste livsrest til aa gjere ret mot det rygte som vil leve etter meg, aa som er det einaste testament eg kan late etter meg til dei eg æra aa elska, aa som eg er stolt av aa omkome for.« 

— — — — — — — — — — — — — — —

Eg spring over ein bolk av talen her, der han skildra kva han hadde gjort aa kva grunne han ha havt. Frankrike hadde han søkt om hjelp, ikkje for aa selje lande sit, men for aa faa hjelp til aa rive det ut av Englands klø. Han enda talen med desse or —:

»Eg ynskte aa skaffe lande mit same hjelp som Washington skaffa Amerika —: ei hjelp som med sit