Side:Martyra.djvu/90

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

eksempel vilde verte likeso vigtig som med si mannemagt, — ein herstyrke optamd, tapper aa rik paa kunskap aa røynsle, — ein herstyrke som vilde hjelpe op det goe i os, aa slipe det daarlege av. Dei vilde kome til os som framande, dele vaare faara, lyfte vaar lagna, aa forlate os som vener. — Dette va tanken min. Eg ba ikkje om nye herra, men om hjelp til aa tyne dei gamle. Aa eg gjek til Frankrike fordi Frankrike jamvæl som fiende aldri kunne ha vorte meir ilsk aa barbarisk enn den fienda som velter seg i barmen paa mit land.

(Her vart han avbroten av retten.)

De hev skvilda meg for aa vere slutsteinen i irmennene si samanslutning til ei folkereising, — eller som your Lordskip kalla det: »samansverjelsens liv aa blo«. — De gjer meg for stor ære. De hev git sveinen det som kjem meisteren til. Der er folk med i denne opreisten som ikkje berre stend over meg, men ogso over Dykka store tanka om Dyk sjøle, mylord; folk som eg skulde bukke for med ærefrygt; folk som vilde skamme seg for aa bli kalla venen Dykka aa som ikkje vilde vanære seg med aa ta i Dykka blo-valka hand.

(Her vart han avbroten.)

Kva slag, mine herra? Skal de fortelje meg paa min veg til det skafotte som det hev reist aat meg det tyranie som de berre er millom-bødla for, skal de fortelje meg at eg er ansvarleg for alt det blo som hev ronne aa vil renne i dei undertrykte