Side:Martyra.djvu/88

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Eg tala om dette med full visheit, etter al den kjenskap eg hev til mit folk. Tru ikkje, mine herra, at eg seier det for aa faa den vesle glea aa uroe dyk ei kort stund. Ein mann som endaa aldri hev sagt eit usant or, han vil ikkje skjemme sin karakter med lygn om fedrelande sit i ei stund som denne. Ja, mine herra, ein mann som ikkje ynskjer aa faa si gravskrift før lande hans er frit, han vil kje late vaapen i fiendehand, eller kome med ting som skulde blekkje det minne han tenkjer aa halde reint endaa i den grav tyranie dømer han til.

(Her vart han avbroten.)

Eg tek det opatt, — kva eg hev sagt va ikkje sagt aat dyk, mine herra; for de paa dykka plass er meir aa ynke enn aa hate. Det eg sa, va sagt til mine landsmenn. Er her ein irmann tilstaes, la mit siste or elde han op i hans sorgens stunder.

(Her braut lord Norbury av aa meinte, at han sat kje de for aa høyre paa ein forrædar).

Eg hev alti tenkt det va ein domar si pligt aa halde seg til loven, naar ein fange skal dømas skuldig. Eg hev ogso tenkt det va ein domar si pligt aa høyre paa med tolmo aa tale folkelegt, retleie lovens offer aa samvitsfullt gjere seg op sin meining om dei grunnar som førde han til den gjerning han skal dømas for. Men kvar er den lovpriste fridomen i lovene dykka, — den retferd aa skaansel aa milde i domstolane dykka som de hev skrøyt so mykje av, naar ein vanlukkeleg fange