Side:Martyra.djvu/87

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

burt til ein venlegare port, naar skuggen min er komen ilag med dei martyrheltane som før meg hev gote bloe sit paa skafotte aa slagmarka for retferd aa fedreland, — daa ynskjer eg at minne mit aa namne mit kan kveikje dei som lever ette meg, med’ eg ser med hugna paa kor dei tyner denne svikfulle styring, som held si magt oppe ved aa spotte aa krenkje det høgste, — som breier si magt over lande aa kuga folke under seg som dyr, — som reiser mann mot mann, bror mot bror, aa lyfter si hand, i guds namn, mot strupen aat den som i tru eller tvil gjeng utom den grensa som styringa hev sett op; — ei regjering herda til barbari av klagemaale fraa dei drepne sine slegtninga aa taarene aat dei enkjer ho hev gjort.

(Her braut lord Norbury talen av aa meinte, at utskjemde entusiasta som følte slik, liktes ikkje sine eigne ville plana).

Eg skyt meg under guds dom. — Eg sver ved himmelens trone som eg snart skal staa fram for, — ved bloe aat dei drepne fedrelandsvenene som er gaad fyre meg, at handlemaaten min jenom alle desse faara aa jenom al mi ferd hev sprunge ut fraa den tanke aa den kjensle eg hev nemnt, aa at eg inga anna utsigt eller fyremaal hev havt enn det aa rædde mit land fraa den umenneskjelege undertrykkjing som folke so lenge aa altfor lenge med tolmo hev lee under. Aa det trur eg forvist, at endaa er der samhald aa kraft nok i Irland til aa fullbyrde dette ædle verke.