Side:Martyra.djvu/86

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


meir verd enn live, aa som de i fylje dykka handverk hev arbeit paa aa skjemme. Eg hev mykje aa seie at ikkje minne mit skal kome i vanrygte av alt det falske snak aa al den tising aa alle dei klagemaal som er reist mot meg. Eg inbiller meg ikkje, at de høge herrane skal vere so samvitsreine at de skulde kunne faa den minste teft av kjenslene mine ved det eg seier. Eg hev inga von om at eg kan ankre min karakter i bryste aat ein domstol slik samansett som denne. Eg berre ynskjer, at de herrane mine vil la minne mit glie neover bøkene dykka, upletta av fordomen sin stygge ande, til det finn ei meir gjestmild hamn som kan ta av mot den storm som no susar om det.

Skulde eg berre lie døen etter aa vere dømd skuldig av domstolen, so skulde eg bukke i stilheit aa møte den lagnaen som venter meg uta aa knurre. Men den domskjenning som overlæt meg til bøddelen vil gjere sit til aa sulke min karakter. For enten maa domsavgjerdsla vere rang, eller der maa vere ureint i min handlemaate. Aa ein mann i min plass, mine herra, hev kje einast aa tenkje paa seg sjøl; men han maa tenkje paa den virkning live aa handlingane hans aa minne om han kan ha paa andre. Mannen døyr, men minne lever. — At mit minne ikkje skal drukne i grumse, at det maa leve aa eige mine landsmenns vyrna, — derfor tek eg høve til aa frie meg fraa nokre av dei ankemaal som er reist mot meg. Naar aanda mi er blaast