Side:Martyra.djvu/85

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


bibre for hans augnekast, aa det utskote som dømde han (lord Norbury) blikne aa skjelve paa sin stol«.

Ein tale ingidd aa halden i ei slik stund kan ikkje setjas paa prent. Det er meir mannen sjøl, aa dette levande fløymande dirrande kjenslesvulmande i røst aa anlitsdrag som virka, enn ora sjølve. Men jamvæl den daam som ligg over talen slik han lyer i det irske maale, er det raalaust aa faa fram i omsetjing. Eg tek no med det meste av han lei, — frit omsett.

————————

„La ingen skrive gravskrifta
mi. La minne mit vere gjøymt
aa gløymt, til andre tie kjem
aa andre menn som kan gjere
karakteren min ret aa skjel“.

»Mine herra!

Kva skal eg seie at ikkje døsdomen skal falle over meg? Ingen ting hev eg aa seie som kan endre det de alt hev avgjort. Helder ingen ting kan eg bere fram som kunne mildne den domen de er komne her for aa kungjere. Aa eg skal finne meg i det. — Men eit hev eg aa verje om som er