Side:Martyra.djvu/79

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


naar han tala, aa Robert Emmet etter talen. Augnebruene som saag dovne ut, ja næsten sorgtunge, lyfte seg lit om lit til sit fulle vitande om hans daarande magt, aa heile anlite aa figuren vart som forvandla av ein daatteleg inspirasjon.« 

Emmet vanka mykje i revolusjonsklubben, aa det liksom strøymde varme utfraa han aa smitta alle som kom nær. Med sin heite iver la han ut mot desse engelske storkaksane som med vold aa magt hadde velt seg inover lande aa helt det i age aa skamfoor folke som ulven naar han kjem i saueflokken. Dei unge lydde aa gløddes. Der vart rusk aa røre, so dei arme professorskoltane fek nok med aa halde styr paa. Dei vart rædde aa tenkte dei skulde sløkkje elden, aa sende baade ein aa hin lærde kulten ne-i klubben for aa ta avdage den unge »jakobinaren«. Men dei raadde kje med han; han fek berre meir eld paa tunga; aa dei stovelærde rædsprænane viste kje betre raa enn aa jage guten aa hans beste fyljesveina burt fraa universitete; aa dermed gjek revolusjonsklubben istaa.

Det va i februar 1798 dette. Kort ti ette vart bror hans, Tomas Emmet, sett fast. Det eine som det andre hissa guten berre en daa meir op, aa des ivrigare vart han til aa puste paa oprørselden i Dublin. Men øvrigheita hadde mistanke til han aa gjætte paa han seint aa tilegt, so han fann det klokast aa ta over til fastlande. Der raaka han ein heil flok irske rømlinga, aa i 1802 trefte han