Side:Martyra.djvu/78

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

evner, lukka med seg aa vegen aapen for seg til dei beste stillinga; aa alt anna timelegt goe, live kan by, hadde han i vente. Men han forsmaadde det alt for aa gaa i tenest aat ei stor sak. — Sjeni, eldhug, uryggjelegt mot, store voner, sterke kjensler, — alt strøymande ut fraa eit grunnærlegt hjarte (sluskap viste han ikkje av). Ein trufast patriot, ein trufast soldat, ein trufast elskar. Kjærleikseventyre hans er likeso gripande som hans politiske ferd. Der er, som det er sagt, ikkje ei ra av det som ikkje er graate over. — Stor som talar, stor som arbeisførar, aa diktarblo flaut i ædrene hans.

— Det va Robert Emmet slik som kjenninga hev skildra han aa ettemæle gjeng om han.

Tomas Moore, den irske nasjonalskalden, va ein av dei som kom med i Emmet-flokken aa fylde han med undring til hans dø. »Skulde eg ta ut nokon av alle dei eg hev set aa kjent som eg synes hev naat det høgste av rein moral blanda med aandens magt, so vilde eg setje Robert Emmet som den høgste blant dei faae. Han va ung, men han va fri for ungdoms daarskap aa ageløyse, endaa natura hans svulma av den sterkaste vill-taat« ..... »Eg hev mest aldri høyrt noko so stort aa karakter reint. Enkel i si framferd aa roleg i aasyn aa fakter. Det va berre i dei varmaste stunder naar han rørtes den strengen som sette heile hans sjæl i jæring, at han lyfte seg over vanlege folk. Ingen kunne vere meir ulik kvarandre enn Robert Emmet