Side:Martyra.djvu/80

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


bror sin aa nokre andre som hadde rømt fraa fengsle i Dublin aa over til Frankrike. Mykje vondt ha dei lee alle desse rømlingane; men mote miste dei ikkje. Endaa, trudde dei, va der haap for Irland. Ja mangt tydde paa at det no skulde dagas for dette arme folke som so mang ein gong va slaat, men endaa ikkje reint lagt under. Aa desse opglødde rømlingane vilde ta paa seg det arbeie aa fyrebu det irske folk til aa nøyte høve, so snart det kom, reise seg aa kaste aake av seg. — Det sto helder ikkje verst til heime i Irland. Folke hadde kje mist alt mot. I eit par greivskap ha folke for ei stund sia reist seg. Dei vart slegne av overmagta; men det ga go von om, at ei folkereisning over heile lande vilde kunne magte aa feie kvareinaste britisk tyran utav lande. — Men si største von sette rømlingane til ufreen millom England aa Frankrike. Dei samraadde seg med Napoleon, aa han lova dei al den hjelp han kunne avsjaa. Robert Emmet va sjøl til Napoleon som ga han det svar, at det va tanken hans aa gjere infall i sjølve England.

Full av von vende Emmet attende til Dublin i oktober 1802. Han gjek utklæd aa under anna namn, aa synte seg so lite ute som raa va. Han sanka saman leivningane av revolusjonsklubben aa »Det irske samband«, aa med penge som han sjøl skaut til (han øydde al sin arv til dette), eller som han fek her aa der ifraa, tok han paa styre ut ein herstyrke. — I mai 1803 braut kri en ut millom