Side:Martyra.djvu/71

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


gjore, kasta han reiskapa ikraa aa tok fat fraa nyo. Han dreiv paa, til han ikkje aatte ein skjeling att av al sin rikdom. Han vart so fatig, at han laut laane det han skulde leve av. Samstundes va vanlukka ute etter han paa andre maata. Kona hans døe; aa det tok so paa han, at han laut reise utor lande aa kom seg til England der han prøvde livnære sine tvo døtrer aa seg sjøl, som han best kunne.

Men kardemaskina kunne han kje gløyme. Han gjore ein model som han synte ein engels fabrikant; men denne brydde seg kje stort om modelen hans. — Motlaus aa lei av dei seige engelsmennene reiste han attende til Frankrike med hovue fullt af modela til maskina si.

Men ein kveld som han sat heime paa rome sit, fortenkt aa sutsam over kor ille ein opfinnar maa ha det, kom han av vanvare til aa sjaa paa døtrene sine som sto aa kjemde kvarandre. Han la merke til kor lett aa rørlegt handa fek kamben til aa glie jenom det lange haare. »Kunne eg i maskina mi faa til det handelage der med aa drage fram dei lange haara aa skyve dei stutte attom, so vilde eg sanneleg vere ovapaa«, tenkte han for seg sjøl.

Aa so tok han paa att med ny kraft aa nyt mot. Over 7 aar grubla han baade nat aa dag før han fek tenkt ut kor maskina skulde vere. Aa endaa gjek der nokre aar før han fek modelen istand. Men so va no og alt so makelaust uttenkt, at ingen hev seinare kunna gjort noko betre. Ein