Side:Martyra.djvu/72

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

engels insjenør hev sagt, at maskina hans Heilmann arbeier so lett aa varlegt som skulde det vere kvinnehender som førde kambane. Ho kjember bomullstottane fraa baae enda, legg trevlane jamsies, skil dei lange haar ifraa dei korte aa sanka dei i bundta«.

Bomulls-spinnarane i Manchester skyna trast kva verd denne maskina vilde faa. Ei 5—6 stykkje slo seg saman aa kjøpte eineretten for 750,000 francs. Ullspinnarane ga like mykje for aa faa bruke maskina aat ull, aa fabrikantane i Leed ga 500,000 francs for aa faa bruke ho aat lin.

Penge strøymde no in til Heilmann i haugevis. Men dei kom forseint. Utsliten af tankearbei aa næringssut døe han i 1860.

Likare gjek det heller ikkje med Thimonnier.