Side:Martyra.djvu/70

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest
Josva Heilmann.


Det fyrste merkjelege med Josva Heilmann er at han va rik. Baade han sjøl aa kona ervde store slumpa, so det tilsaman bar op til ein hal million francs. Men opfinningsdevelen tok han, tras i rikdomen. I kring Elsaz, der han budde, va mange fabriker, aa ein av fabrikeigarane hadde lovt ut ein premi aat den som kunne finne ut ei ny maskin til aa karde bomull med.

Heilmann fek nys om dette aa ga seg ikast med tanken. Han va ingen jypling; han hadde lenge styrt ein maskinverksta aa blant anna gjort ei brodermaskin som arbeidde med 20 naaler paa ein gong. Han hadde vølt om vevstaen, so tvo vevja kunne vevas samstundes; gjort ei maskin til aa faa vevten (islætta) i med, aa ei maskin til aa mæle aa felle saman tye med. — Men denne kardemaskina vart nok verre aa faa til enn han hadde tenkt.

Fleire aar dreiv han med aa granske aa gruble, aa des floknare det saag ut, til hissugare vart han. Dyre reiskap laut han koste seg til kvar ny idé han fek. Aa naar det daa slo klik som det alti