Side:Martyra.djvu/69

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

vilde gjerne høgtie denne stunda aa by Dyk eit glas vin, men eg eig ikkje somykje som ein drope vin«. Han flidde den framande handa.

Kva vilde kje pengefolke i vaare dage betale for aa faa ha sine dampbaata aa dampvongner om nokon ha magt til aa ta det burt! — Men Fulton som fullføre den listige tanken aa la den eine naturkrafta vinne paa den andre, — som eit nar laut han snikje seg om beina paa dei megtige aa trygle om hjelp det meste av si ti. —

I februar i 1815 døe han, 50 aar gamal. Kongressen i New-York fornekta kje si menneskjelege natur. Dei syrgde i 30 dage!