Side:Martyra.djvu/66

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

knuse den engelske sjømagta. Han gløymde, at der va ein Napoleon som og vilde tukte verda, ikkje med maskiner, men med mannemagt.

I 1797 tok han te freiste med torpedoane sine paa Sein-elva atved Paris. Han fyllte kasser med krut som skulde kunne sendas hit aa dit aa ta eld naar det høvde, aa sprenge skip i lufta. Men der gjek mange penge til dette, aa han vart snart lens. Han ba den franske styringa om hjelp. Krigsministaren sette ned ei nemnd til aa granske saka. Aa ho fann ut, at det va tull som ein ikkje skulde bry seg om. So gjore Fulton ein gild model til undervasbaaten sin aa gjek aat styringa med. Ho skoa paa denne i 3 aar; men endaa kom der ingen ting utav det. So vart Fulton harm aa reiste til Holland. Men det gjek sameleis der. Daa kom han ihug penselen sin. Han gjore eit stort bilæte, som drog so mange aat seg, at han fek flust med penge. Aa so ga han seg til med nye freistnaer. Han fek litt hjelp av styringa og no. I 1800 hadde han undervasbaaten sin i full stand. Han hadde baaten til Brest aa gjore mange undarlege prøvestykkje. Ein dag dukka han aa va under vatn i 20 menut, va 40 famner djupt aa kom opatt eit langt stykke derifraa. Han dukka igjen aa kom opatt der han fyrst dukka ne. Ein gong va han under vatn i 4 tima aa for over ei mil langt. — Helvetesmaskina si vølte han paa, so ho gjore utruleg virkning. Eit lite skip som laag paa hamna sprengde han i lufta til stor moro for den store folkedungen