Side:Martyra.djvu/67

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


som sto paa stranda aa glana. Han freista paa aa faa sprenge i lufta eit av dei engelsskipa som kryssa utafor. Men han kom dei kje nær nok, aa det vart fyrstekonsulen svert misnøgd med. — Denne helvetesmaskina hans va ei koparkasse som han fyllte med krut, som tok eld av eit lite børselaas som han hadde i kassa. Han drog laase laust med ei lang snor.

Men den store Napoleon va like mykje vanedyr aa bunden av fordoma som hine naar det galt slikt. Han ga ein go dag i heile opfinnaren. So vart Fulton lei aa vilde reise attende til Amerika. Men ein Livingston, ein kanslar hadde vore, fek han til aa tenkje paa dampbaatfarta, som fyremennene hans hadde stræva so mykje med. Fulton fylgde raada, aa tok tanken op med sin vanlege eldhug. Han gjore ei maskin, som betre kunne nøyte govekrafta. Aa han brukte spjeld paa ein aas som gjek runt, istaenfor aara. I 1803 prøvde han baaten sin paa Seina. Mot straumen gjek baaten 96 meter i menutten.

Men folk hadde anna tenkje paa. Napoleon for som ein brand over Europa aa vann siger paa siger. Den vesle dampbaaten hadde lite paa seg mot det, aa han vart liggjande paa Sein-elva i lang ti. Folk bisna kje paa han eingong. Aa Napoleon kalla Fulton ein upaaliteleg eventyrar som berre tenkte paa aa narre penge av folk.

So reiste Fulton fraa Frankrike til Amerika. 4 aar etter hadde han ein ny dampbaat ferug med ei maskin paa 18 hestemagter aa med jul. Dette va fyrste verkelege eimbaaten.