Side:Martyra.djvu/65

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


studere mekanik. I 2 aar dreiv han paa med aa tekne maskiner i ei fabrik i Birmingham, vende so attende til London, aa der trefte han ein landsmann, Rumsey, som dreiv aa bala med dampbaatfart.

Fulton hadde nok raaka ret, daa han slo seg paa mekaniken. Det va tusen ting han hadde i hovue sit. — Ein ny maate aa gjere kanala paa, ein plog til aa grave kanala med, eit sagverk, ei greie til aa slipe marmor med aa meir slikt tenkte han ut. Men han hadde kje lukka med seg til aa faa noko av dette igang i England.

Aa so reiste han til Paris i 1796. Her kom han til aa tenkje mykje paa heimlande sit. Handelen i dei sambundne statane hadde le-e mykje under al den krigsrummel som i mange aar hadde herja Europa. Aa England med si store sjømagt hadde overtake over heile verda, aa det saug alle land ut med sit einevelde aa sin handel. — Fulton fek lyst til aa hjelpe Amerika ut or denne klemma. Han va opalen som kvækar, hadde soge i seg av den mannemilde aandestraumen som Franklin aa andre store menn paa den ti va opglødde av. Han vilde gagne manneætta, aa han viste kje noko større aa gjere, enn aa tyne det engelske handelsvelde aa sikre nasjonane fridom paa have. Med sine opfinninga tenkte han aa slaa eit heilt folk aaleine. Han fann op tvo forferdelege maskiner som han tenkte aa tukte al verda med. Det va undervasbaaten aa torpedoen. Aa baae desse vaapena vilde han la Frankrike faa, so det kunne