Side:Martyra.djvu/43

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


Men ein aa annan er der som slumpehøve hjelper til aa faa eit fotfeste, eller som er laga slik at dei med si seige kraft kan bryte seg jenom alt som møter. — Ein slik va Pallissy.

Han er fød i Frankrike i midten av det sekstande aarhundrae. Om opvokstren hans veit ingen aa nemne. Me treffer han fyrst som vaksen kar paa ein glasmeisterverksta. Omfram glasmeisterarbei dreiv han landmaaling au. Han hadde nemleg forlite ro i seg til aa staa al dagen paa ein verksta. Han traska omkring i Holland aa Belgia, i Pyrenæerne aa Rinlanda. Aa der det va eit steinbrot, ei gruve eller ei jorhole laut han av aa sjaa.

Daa han kom attende til Frankrike gifta han seg. Baaneflokken vaks fort; aa mangein gong va det nær paa dei skulde omkomas av svolt. Men han ga seg ikkje; ideen helt mote oppe; han va nemleg komen paa den tanke, at det maatte gaa an aa gjere emalje av leir.

Uta aa kjenne det minste til leirartene ga han seg paa maa faa til aa leite etter emaljen »som ein mann som trivla seg fram i myrkre«.

Han prøvde med mange slags emner; men vanheppa va alti ute. Al dagen dreiv han paa med aa stampe leir aa knuse nye emner, bygge nye omna aa kaste penge burt til ve aa anna tilfang. Men like faafengt va det. I 2 aar dreiv han med aa gaa millom dei glashytter som laag eit stykke i fraa der han budde. For aa spare ti fann han daa paa aa