Side:Martyra.djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
Bernard Pallissy.

„Armoa møter goe
aander fraa aa kome fram“.

Det va ortøke hans Pallissy. Han hadde sjøl røynt det. Aa nok er der av dei som hev røynt det same. Benjamin Franklin sa eingong: »Fatigdomen tek ofte baade kraft aa dygd fraa eit menneskje; det er vanskelegt for ein tom sek aa staa«.

Kva kunne kje vinnas for vitenskap, for kunst, for kultur aa menneskjelegheit, om alle dei evner kom til sin ret som no gjeng tilgrunne i armo aa matkrig! Flogvit aa næringsvit høver sjeldan saman. Mange av vaare største menn er slike som ved eit tref hev vorte dregne etter haare op or folkedjupe.

Naturen er øtsel. — Tre som kunne bli dronninga i skogen fell i sumpa aa forkjems. — Fisken gyt si rogn, det ædlaste han kan avle; — etterpaa sluker han rogna til føe.

Menneskja leg slegters enersji i nokre faae. Samfunde er stelt slik, at størsteparten av desse faae maa forkome paa vegen til sit maal. Aa dei som naar fram riv dei augo ut paa.