Side:Martyra.djvu/44

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


gjere seg ein smelteomn sjøl. Men aa leige arbeisfolk hadde han ikkje raa til. Sjøl maatte han bere stein, mure, læske kalk aa bere vatn. — Endeleg vert omnen ferug, aa emaljen skal tillagas aa smeltas. I 6 dage aa 6 næter stend han fram for elden, som han jamt maa nøre paa. Aa jussom smeltinga skal gaa for seg, er han lens for ve. I si nau tek han hagegjerde sit, aa bord aa benkjer, ja endaatil stovegolve sender han i varmen. — Folke som budde ikring hjelpte han i hans nau som folk pla naar det gjeld fatigmann som vil freiste noko nyt: dei log aat aa meinte at mannen maatte vere gal. »Han brenner daa sit eige hus!« — Aa ikkje nok med det. Dei skulda han jamvæl for aa gjere falske penge. Netyngd av skuld aa av sut for familja si snork han om i gatene som ein halgalen.

Men han ga seg ikkje, endaa han hadde alle magter imot seg. »Hite aa frost, vind aa regn øyela størstedelen av arbeie mit, før det vart ferugt, so eg maatte laane trevirke, bandstumpa, takstein aa spikar til aa faa det istand med... Eg reiv ne det eg hadde gjort aa bygde større op att, aa dette gjore, at sokkevevara, skomakara, bytenara, notara aa gamle kjeringa som ikkje skyna at arbeie mit ikkje kunne drivas medmindre eg hadde stort rom, sa, at eg ikkje gjore anna rive ne aa bygge opatt, aa dei log aat meg aa lasta meg for det som helder burde fyllt dei med medynk, daa eg va nøyd aa bruke det eg skulde leve av for aa faa til dei rom