Side:Martyra.djvu/40

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


I 1611 reiste han til Rom for aa rydje burt mistanken om kjettarskapen sin. Men det gjek gale — Ein dominikanarmunk tok aat alle, som trudde paa tanken hans Kopernikus, aa ikkje minst tok han aat Galilei. Bøkene hans Kopernikus vart forbydde aa fordømde som striande mot guds or. Aa Galilei gjek dei paa i løyndom, so han vart ræd aa tagde i lang ti.

Men han kom snart til seg sjøl att, daa han vart var 3 nye kometa. Han kom daa matt paa sine gamle meininga. I 1630 skreiv han si namngitne dialog. Her gjer han nar av al vitløysa aa faakunna aa trangsyne, som raadde. — Det va ei bok som vitna om aand aa vit aa stor lærdom. Ein megtig talsmann for fri tenkjing aa fri gransking. — Det va ein siger som vite vann over fienda aat menneskjesamvite, er det sagt.

Paven, Urban VIII, tottes kjenne seg sjøl att i den eine mannen som va skildra. Han vart harm paa Galilei aa sende han til inkvisisjonen. Endaa Galilei no va gamal aa sjukleg, vart han lagd i lenke aa førd til Rom for aa overhøyras. — I 1632 vart dom avsagd. Domen vart lesen høgt i ei stor samling av kardinala aa prælata, aa lydde paa at boka hans skulde forbyas, aa han sjøl kastas i fengsel. Aa paa sine kne laut den gamle Galilei sverje fraa seg alt det han hadde sagt aa skreve.

»Eg, Galileo Galilei, 70 aar gamal, paa kne framfor Dykka eminentser, aa som hev for augo mine