Side:Martyra.djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

maanen va inga eldkule som dei gamle trudde, men ein diger klump med høge fjell aa djupe dala akkurat som jora. — Aa naar han saag paa vintervegen, so synte det, seg, at desse ljose flekkjene va soler som ein timde langt langt burte i verdensrome. — Han fann ut, at Jupiter hev sine fire maana, aa vart var at der er myrke flekkjer paa sola, aa meir slikt.

Men di meir nyt han fann paa himmelen, di fleire avindsmenn fek han paa jora. Kvar ny opdaging va nemleg som kanonskot mot den gamle festninga. Men han va so opteken av si gransking aa so opglødd over alt det han saag, at han ansa kje dei klage maal som kom fraa motparten. — Galilei va ein ærleg aa varm kristen. Med al si himmelgransking kjende han seg sjøl liten aa ussel aa hjelpelaus som kryp paa storveg, aa han va taksam mot den almegtige som styrde alt so makelaust. Naar folk likevæl skulda han baade for eit aa anna, so vyrde han aldri paa det, men dreiv paa med si gransking aa levde slik som han sjøl fann ret aa rimelegt.

Det va ei myrk ti, Baale sto ferugt for kvar den som vaaga bere fram tvil om himmelske ting. Aa dei rekna alt til himmelske ting som det sto nemnt om i bibelen. Eit einaste uvarsamt eller modigt or kunne føre ein mann i dauen. Kjettar va svimerkje slike fek, liksom frilynte folk i vaare dage faar fritenkjarnamne.

Galilei lærde at sola sto still. I bibelen stend det at sola gjeng. Galilei va altso kjettar. — Dermed va det ute med han.