Side:Martyra.djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

helgenane aa dei hellige evangelier som eg leg hendene mine paa, — er mistenkt aa dømd for kjetteri, fordi eg hev sagt aa trut at sola va heimsens midpunkt aa stillestandande, aa at jora ikkje va midpunkt, men at ho gjeng runt. Eg sver fraa meg aa forbanna aa avskyr desse villmeiningane«.

Stakkars Galilei! Det som ha gledt han so mang ein gong aa som han va komen til ved aarlang møsam gransking, det maatte han paa sine kne framfor dumheita som alti sit paa magtens breie stol, sverje fraa seg som lygn aa tufs. Verre tort kunne kje timas han. Det vart for han ein verre martyrdø enn om dei ha slengt han paa baale. — Men for dei som kom etter gjore det ingen ting Arbeie hans va gjort. Han va kje sjøl istand til aa sverje det ut or verda.

I 8 aar sat han fanga, aa lei mykje vondt. Harm aa forsmeding tærde krafta or han. Dei tvo siste aara han levde va han blind. Han fek lov daa til aa sturle omkring i ein hage som han sjøl i sine unge dage hadde stelt til. Aa dottera som va nonne fek leie han aa hjelpe han. Fraa verda utafor høyrde han berre om forfyljing mot fridomens folk. Aa skriftene hans kunne aldri meir kome ut. Det vart liksom nat ikring han paa alle maata, aa sjøl vart han myrk aa tungsindig paa det siste. I sit 78de aar døe han.

Minne døyr aldri.