Side:Martyra.djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

meining om himmelrømda som gamle kjeringa i vaar ti hev. Jora va flat aa grunnfest midt i verdensrome, aa runt omkring dansa sol, maane aa stjerner som ljos i ein blaa himling, — ein himling som ustanseleg tynna seg om jora som jul-kragen om aasen sin.

Det va Kopernikus som fyrst fann ut, at dei gamle hadde uret, at jora gjeng runt omkring sola. — Men Kopernikus va ein spak mann, ein kald-kloking som helt sin visdom for seg sjøl Det va nemleg faarlegt aa ha andre meininga enn dei, pavemagta gokjende.

Gralilei derimot va for varmblodig til aa halde inne det, han med si granskelyst fann ut. Aa han va for stortenkt til aa tru at det kunne vere faarlegt aa fortelje ei so enkel sanning som det at jora krinsa om sola.

Men han fek anna vite. Han vart jaga fraa universitete i Pisa; aa laut reise til Venedig. Her vart han so opteken av si gransking, at han mest ikkje sov om natta. Han fann op termometere (gradstokken) innimillom at han studera stjernene. I 1609 fek han istand sin fyrste himmelkikar (teleskope), som dei seinare hev kalla »himmel-mikroskope«. Det som sette han paa far til denne opfmninga va ei segn om hollendaren som ved aa setje fleire brilleglas in i ei smal røyr hadde faat til som ein kikar, so han kunne trekke nær til seg ting som va langt burte.

Himmelkikaren vart Gralilei til den største ret leiing. Saag han paa Maanen, so synte det seg, at