Side:Martyra.djvu/37

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


seg til aa skoe paa ei ljoskrune som for aa sveiva att aa fram. Han la merke til, at kruna trengde akkurat like lang ti med ein sving att aa fram i fyrstninga daa ho va i sterk fart, som seinare daa farta vart mindre. Sistpaa vart det berre sovidt ho lea paa seg — att — aa fram Men svingetia va plent den same. Han ga seg til aa grunde paa dette som mange andre baade før aa sia hev set uta aa agte paa det. Aa han fann ut, at dette va ei naturlov som ein kunne gjere seg til nytte. Det fall han in, at det maatte la seg gjere aa mæle høgda i eit hus med desse pendelsvingningane, aa derved kom han in paa pendel-lovene, som han greidde ut, — til urekneleg nytte for folke som for vitenskapen.

Fraa no av ga han seg heilt til vitenskapen, las gamle matematiske skrifter aa granska naturen omkring seg. Desimillom ga han ut nokre skrifter som gjore han so paa-agta, at han vart professor i matematik i Pisa, endaa han berre va 25 aar gamal. Her ga han seg til aa studere lovene for rørsla, aa kom derved litt om senn in paa dei opdaginga som skulde gjere namne hans udøyelegt aa føre mannen sjøl i eit langdrygt fangenskap.

————————

Astronomien er den eldste av alle vitenskapa. Himmelen med sit stjernehav va nemleg det fyrste som vekte menneskjehugen til gransking. Men dei lærde hadde før det 16de aarhundrae paa lag same