Side:Martyra.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Det lei vondt Italia den tia det sto under Spanien. Aa Campanella som va likeso go patriot som han va frisynt i aandens rike, han brann etter aa faa rydje spaniolane utav lande. I løyndom skipa han revolusjonære klubba runt heile Italia for aa fyrebu den folkereising som han trudde skulde kome. Men prestane aa dei spanske embætsfolke va etter han kvar han for, sette han fast aa for ille med han. Men alti kom han seg laus; han rymde fraa det eine fengsle etter det andre; han for som »ei vond aand«, som det er sagt.

Endeleg vart han fakka for got aa førd for domstolen. Som »politisk brotsmann«, »folkeopviglar«, »kjettar i teologi aa filosofi« vart han dømd til aa sitje 27 aar lenkjebunden i fengsel. Men det va kje nok. I 35 tima maatte han halde ut slik umenneskjeleg tortur, at alle ædrer kring seten vart sprengde, so bloe som rann ut av saara med nau kunne stansas. Men ikkje eit klagande or kom fraa han. Han heldt torturen ut paa ein maate som va ein filosof verdig, skriv ein av dei som saag paa.

»I 50 fengsel hev eg vore, aa 7 gonger hev eg maatt’ halde ut den fælaste tortur. Siste gongen varde torturen i 40 tima. Dei bat meg so hart med tog, at det skar in i kjøte ratt aat beine. Dei hengde meg op med hendene bunde paa ryggen omskrevs ein kvass trenagle, so eg miste ¹/₁₆ av kjøte mit aa 10 pund blo. Aa daa eg som ved eit under vart frisk att etter denne medfart, stak dei meg ne i ei grøft. 15 gonger hev eg vore for