Side:Martyra.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
Thomas Campanella

er fød paa Kalabra 1568. 14 aar gamal vart han dominikanarmunk. Han va arbeishuga, gla i vitenskapen aa opglødd for det goe. Forvaaga aa sjølstyren som han va, tok han paa filosofien som han vilde endevende fraa øvst til nest. I sit arbei aa sine skrifter fylgde han alti den regelen han sjøl sette op: sanninga maa søkjas, ikkje i skulebøker, men ved aa agte paa naturen.

Campanella underviste fyrst i filosofi i Neapel; men snart laut han ryme fraa byen, daa dei nye synsmaatane hans vekte opstyr. I 10 aar reiste han omkring i Italia aa figta mot Aristoteles ingrodde autoritet, aa ba folk varmt om aa fylje sit sunne vit aa si røynsle, aa prøve omforme alle vitenskapa etter naturen aa guds bøker. Han ga seg aldri. Det er vist eit av dei mest staalsette menneskje som noko ti hev livt. I Florents vitja han Galilei, som han skreiv ein glimrande forsvarstale til. Med nebb aa klo forsvara han Kopernikus, preikte hat mot tyranane kvar han kom, aa drøymde om aa frie fedrelande sit ut av det spanske aak.