Side:Martyra.djvu/29

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


retten. Daa dei fyrste gongen spurde meg, kor eg kunne vite det eg aldri hadde lært, dersom ikkje ei vond aand va i meg, svara eg: »For aa lære det eg kan, hev eg brukt meir olje enn de hev drokke vin«. Ein annan gong skulda dei meg for aa ha skreve ei bok som va trykt 30 aar før eg va fød. Dei hev skulda meg for aa halde med Democritus, — eg som hev skreve bøker mot Democritus. Dei hev skulda meg for hat mot kristi kyrkje, — eg som hev skreve eit verk om det kristelege monarki aa deri synt, at ingen filosof hev kunna tenkt seg betre republik enn den som apostlane skipa i Rom. Dei hev skulda meg for kjetteri, — eg som hev gjort ein dialog mot kjettarskapen i vaar ti. Endeleg hev dei skulda meg for tross aa kjettarskap fordi eg tvertimot Aristoteles, som trudde at verda va æveleg aa uforanderleg, hev sagt, at der er flekkjer paa sola, maanen aa stjernene … Det er derfor dei hev kasta meg som Jeramias i pølen, der det korkje er luft eller ljos«, skriv han (i fortalen til »Atheismus thriumphatus«, Romæ 1630).

Sistpaa tok folk til aa harmas over dette lange forferdelege fangenskape hans. Sjøl paven totte det gjek for vidt, aa ba det spanske hof om naade. Men Philip III let seg ikkje røre. Fyrst daa han døe, vart Campanella slept paa fri fot[1]

  1. I 1492 hadde inkvisisjonen i Spanien med trugsmaal om døsstraf, jaga or lande over tvo hundra tusen jøda. Fraa 1480 til 1498 vart otte tusen otte hundra menneskje brende levande. Aa nitti tusen vart dømde til livsvarigt fengsel aa alt deira gods fraadei-røva.