Side:Martyra.djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Seinare ga han seg ilag med tvo andre aa gjore eit nyt trykkeri. Men daa det væl va igang, tok dei æra for alt saman, aa Guttenberg sto paa berr bakke. Alle vonde magter slo lag mot han no. Han miste kona si aa baana sine. Einsam aa utsliten aa langt tilaars sto han att, naken aa snytt, aa utlædd. Det ha vore ute med han no, dersom ikkje ein folkeleg kurfyrste ha gjort sælebot paa han aa hjelpt han med penge til aa halde fram med kunsten sin.

Men kort etter døe han. Han let ingen ting etter seg, anna den opfinning som literaturen i vaare dage ikkje vilde greie seg foruta. — Aa nær paa kunne namne hans ha drukna i den store gløymebok

der so mange av dei beste vert negrevne.

————————