Side:Martyra.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Guttenberg skyna væl kva vidd aa vigt arbeie hans vilde faa. Men sjøl va han pengelens aa maatte trygle andre om hjelp skulde det bli til noko. Men sjølve kunsten prøvde han aa løyne i lengste lage, daa han va ræd nokon vilde ta æra fraa han. Men adelsfolke i Strasburg va for fine paa det til aa vilje hjelpe. Han laut ta paa med grovarbei for aa livnære seg, aa gjore sia samlag med tvo rike borgara. Dei studde han med penge, aa dei fek til ein verksta for kunstarbei. Men opfinninga fek dei ikkje hold i. I løyndom streva aa møddes han med sine tre-bokstava aa ei pressegreie til aa trykke med. For aa vere sikker mura han seg in i eit gamalt kloster, aa nøytte alle fristunder aa ofte halve nætene paa kunsten sin. Folk fek hold i dette aa tok til aa skulde han for trollskap. Men han vyrde kje folkesnak; han dreiv paa, dag aa nat, til fyrste trykkene va ferigt. — Han tok til aa trykke bibelen. Men langt kom han ikkje, før han va pengelens. I si nau laut han openbaare kunsten for kameratane sine. Dei vilde ha full lot i ære aa vinning; aa det laut han love dei. Men snart kom namne hans burt fraa firmastempelen, aa han vart berre som ein arbeistræl under dei. Sistpaa nekta dei, at det va han som va opfinnaren. Det vart søksmaal, aa daa saka kom til doms, aa Guttenberg kvidde seg for aa fortelje høgmælt om kunsten, daa han va ræd at det heile va sett igang einast for aa lure kunsten av han, — so vart han dømd, aa miste al sin midel.