Side:Martyra.djvu/19

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


Karl Marx o.s.v. er tilgjengelege. Colombus kan. me fylje aa finne Amerika, aa me kan reise med Nansen paa hans grønlandsferd.

Men alt dette kunne me kje, hadde me kje bøker. Aa bøker kunne kje me, folk flest, naa i, dersom ikkje boktrykkarkunsten va. — —

For 450 aar sia fans det inga trykt bok. Men folk va komne langt i skriving aa utskjering. Dei hadde handskrivne bibla med mange gilde tekninga i (berre rikfolk hadde raa aa kjøpe ein slik). Desse tekningane va skorne i tre aa kunne altso brukas aat fleire bibla ved aa ta avtryk. Litt om sen tok dei til aa skjere ut bokstava og, til tekst under kvar tekning om kva bilæte skulle bety. Men desse bokstavane va utskorne i eit aa same stykke, so dei kunne kje brukas til andre tekster. For kvar ny tekst laut der nye utskjeringa til. Det som rast va aa faa bokstavane lause, so dei kunne setjas om kvarandre aa altso brukas opatt til nye tekster. — Her va det Guttenberg tok fat.

Han er fød i Mainz ved Rihnen for væl halfemte hundra aar sia. Han va av adelsæt aa laut ryme fraa føebyen sin, daa der vart trætte stenderne imillom om hædersplassen paa landsens aarlege festa. Han reiste fraa by til by aa vitja framifraa folk. Sistpaa kom han til Holland. Der fødde han tanken om boktrykking. — Han reiste attende til Strasburg, aa med mykje stræv aa møe fek han her istand typer av tre aa sette dei saman til or, som han tok avtryk av. — Kunsten va funnen.