Side:Martyra.djvu/22

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
Ramus.

Ramus va den som braut veg for renaissancen. Han va ein hjartego mann, skarptenkt, ret-tenkjande aa ærleg, — ei pryd for vitenskapen aa for manneætta. Han va fød i Frankrike fyrstundes i det sekstande hundra-aare. Far hans va ein fatig jorbrytar som sat i so smaa kaar at han knapt kunne føe guten sin, so den vesle Pierre laut tileg uti verda; men han vart korkje vonlaus eller raalaus for det. 8 aar gamal diltra han av til Paris aaleine. Men smal-hans dreiv han snart derifraa. Han snudde heimatt aa tok seg tenest hjaa ein lærd mann som han tente trufast om dagen. Men natta brukte han til lesing.

Det va mest gamle lærde bøker han her fek tak i. Aa av aa til i fristundene fek han gaa høyre paa ein bisp som helt fyrelesing over filosofi. Det va nye store aa forunderleg invikla tanka vesle Per fek høyre der. Sjøle maatte ein gjere seg sin dom aa sin meining om kvar ting, aa finne sanninga jenom fyljerette tankeslutninga (deduktiv tenkjing), det va vegen til den sanne kunskap, meinte bispen.