Side:Martyra.djvu/143

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


om kor arbeisfolke hadde det paa mange staer, so vart han so harm aa opelda, at han ynskte berre aa verte stor, so han kunne faa gjere noko for dei, aa syntes han gjerne skulde gaa i døen, berre han kunne hjelpe.

I 17-aarsaldren døe far hans, aa daa laut han slutte med studeringa, aa drog til Amerika til nokre slegtninga. — Endaa so varmhuga som han va, so va han ingen radikalar i denne ti. Tvertimot. Han ha høyrt so mykje gildt om Bismarck, at han no herre drøymde om han aa saag op til han som til ein gud. Han viste kje anna om sosialisme aa slikt enn det han las i bla-a om parisarkomunen, nemleg, at det va det same som aa plundre eigedomane fraa folk, — ein tanke so fæl, at det ikkje va umaken verd aa setje seg in i han.

Slegtningane i New-York raadde han til aa lære eit hantverk, aa han valde møbelsnikkararbeie. Han va kje lenge i New-York, men drog vest til Chicago, kom dit i 1872. Eit aar arbeidde han paa ein farm, aa tenkte paa aa bli jordbrukar. Men daa han saag kor smaabrukarane, iser leileningane, vart utplundra av pantelaanara, jarnvegskonga aa andre snyltedyr, aa at dei mang ein gong vart drivne fraa farmane som dei med tungt stræv hadde forvandla fraa prærie til aakra, — so reiste han attende til byen aa tok paa med snikkararbei. Men fyrst tok han seg ein rundtur jenom norstatane aa sudstatane for aa sjaa aa studere land aa folk. Fyrst