Side:Martyra.djvu/142

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
August Spies

er fød 1855 i Friedewald (no Hessen-Nassau) i Tyskland. Far hans va forstmann. August hadde huslærar fraa fyrst av som skulde lære han op i politeknisk vitenskap. Seinare studera han skogdyrkingskunsten. Han va letnem, aa vart vispurd for sin kunskap. Alt i 14-aars alderen hadde han lese dei eldre tyske klassikerne aa jamvæl store stykker av Kant aa Hegel. Aa endaa tilegare tok han til aa tvile paa religionen. Hans givna for filosofi aa grubling va so stor, at far hans kalla han berre drøymaren.

Hjartelage hans stak seg tileg fram. Baaneheimen laag nær ei gamal riddarborg. Paa tuftene der fann han resta av slike gamle torturgreier som dei brukte i millomaldren til aa pine folk med; men kvar gong han saag desse molane vart han harm so det kokte i han, naar han tenkte paa al den skam aa smerte dei ha veldt. Aa i ei berghole fann han menneskjebein, leivninga av unge jenter som riddarane hadde røva aa forført aa drepe aa slengt ne-i der. — Aa naar han las meldinga i bla