Side:Martyra.djvu/144

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

i 1876 vart han kjend med sosialistisk literatur. Aa hendingane i 77 gjore han til fullblos sosialist. Han studera dei største tyske franske aa engelske statsøkonomane (t. eks. Karl Marx aa Proudhon, aa sogeskrivarane Buckle aa Morgan). I 1878 gjek han in i det sosialistiske arbeiarpartie. I 1880 vart han styrar av Arbeiter Zeitung, som daa sto paa kant til aa gaa in, men som han berga, aa styrde aa ga det ut til han vart fengsla i 1886. — I 1879—80 va han ein av arbeiarkandidatane paa kongressen. Men snart saag han at politiken va det lita von med. Paa den økonomiske slagmarka maatte kampen staa millom utsugar aa lønslave. — Han vart anarkist.

————————

»Sosialismen kan ein seie er ein vitenskap om den sosiale organisasjonen, med’ anarkismen (avskaffing av paatvunge autoritet) er traaen som renn jenom heile den menneskjelege aa sociale utvikling, strien for individualiteten, sjølstyre. Med’ eg teoretisk er anarkist, so er eg praktisk aa i det serskilde sosialist — Vert kje ræd. Eg ynskjer ikkje eigedomen dykka. Helder ikkje vil eg byte han sund. Nei, — det er ingen ting slikt eg vil. Det forslær kje det. Eg ynskjer jora! Eg ynskjer at du aa alle skal eige jora. — Latterlegt? Ja, det tenkte eg daa eg va liten aa folk fortalde meg, at kvar av dei seks brørene mine hadde ei syster, endaa der va berre ei syster.