Side:Martyra.djvu/14

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


Han va den fyrste som fann lovene for ljosbryting i aakua (konvexe) aa inhola (konkave) spegla. Han gjore dei fyrste brillene aat langsynte folk, aa han va den fyrste som lærde om kikaren. Krute rensa han aa gjore det langt sterkare enn det va før. (Kunsten aa lage krut va komen fraa Kina omkring 50 aar fyre Bacons ti).

Men alle desse opfinningane som manneætta hev havt so stor nytte av, dei gjore at mannen vart lagd for hat. Dei skulda han for aa vere trollmann; mange trudde, at det va sjølve satan som lærde han alle kunstane, aa øverheita forbau han aa syne skriftene sine til nokon. Men paven, Clemens 4de, som va ein vitug mann, fek hug aa sjaa kva denne undarlege munken hadde tenkt ut aa funne paa. Aa han vart so forundra aa oprømd over alt dette, at han sia studde Bacon so got han kunne aa fek seg tilsend største verke hans »Opus Majus«, aa ein epistel av »Løynd-arbeie aat natur aa kunsta«.

Desse bøkene er fyllte med rike skatta for vitenskapen. Ein finn der væl utgreidd læra om syne aa om brennspeglane. Nøgge merkninga om ljosbrytinga, utgreiing om regnbogen[1] aa mangt anna.

Det ser ut, som kunne han lokke naturen til aa openbaare løyndomane sine. Aa han va so

skarptenkt aa langtenkt at han timde langt ut i

  1. Newton greidde betre ut om lovene for regnbogen. Bacon hadde som rimeligt var ikkje magta spursmaale heilt ut.