Side:Martyra.djvu/13

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


Han va den fyrste som gjore opreist mot det gamle autoritetsvelde. Han va so forarga paa den avgudsdyrkjing som tia dreiv med gamle menn, at han va huga paa aa brenne sjølve skriftene hans Aristoteles for aa faa ein autoritet mindre.

Roger Bacon er fød i 1214 i England. Han studera i Oxford aa Paris, vart doktar i teologi, aa vart franciskanermunk i same tie som Ludvig den hellige slost med vest-baronane. Han la seg tileg etter naturgransking aa maatte tole mykje spott av kameratane sine av den grunn. Han lærde seg: mange gamle maal, latin, græsk, hebraisk aa arabisk. Men studera likevæl matematik, astronomi, fysik, ja endaatil eit slags kjemi. Han va kjend i alle vitenskapsgreiner. Meiningane sine bygde han paa røynsle, aa det han fann ut, spreidde han utover til alle dei unge som hjelpte han med granskningsarbeie. Aa lenge vart det ikkje før han va ein vispurd mann.

Han fann paa mange undarlege ting. Folk kalla han »mirakeldoktaren«. Han va den fyrste som fann ut, at den julianske kalender ikkje va aa lite paa. Han bad paven rette feilen; men fyrst

300 aar etterat Bacon va klar, vart feilen retta[1]

  1. Dei gamle romarane rekna berre 365 dage i aare. Men daa eit aar er 365 dage, 5 tima, 43 menut, aa 48 sekund, so kom dei i forkort. Dette skulde Julius Cæsar rette paa (astronomen Sosigenes va det nok i grunnen; men Cæsar tok æra for det). Han gjore kvart 4de aar til skotaar. Men daa vart aare 12 menut aa 12 sekund for langt. Paa 400 aar gjer dette 3 dage aa 3 tima. For aa rette paa, dette gjore Gregor 13de i aar 1582 den regelen, at kvart hundra-aar som ikkje 400 gjeng op i, skal ikkje vere skotaar. (Etter den julianske k. skulde det vere skotaar). Dette er den gregorianske kalender, som altso burde heite „Bacons kalender“.