Side:Martyra.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Descartes sette dømekrafta paa frifot daa han lærde, at ingen skulde halde noko for sanning, som han ikkje kunne skyne. Mange av os som no lever synes dette er greit nok. Men so va det ikkje daa. Aa ta vite til vitne mot ein kyrkjelærdom, det va ein ugjerning, som laut straffas med baal. Paa den maaten kunne galskap aa vitløyse haldas oppe fraa slegt til slegt. — Overtru aa fordom aa kyrkjemagt va muren som i lange tie stengde ljose ute. Men tak vere dei som ofra seg! Litt om litt sprengdes muren; no er berre fillene att.

Det va renaissancetia som i sluten af det 16de aarhundrae braut inover Europa med al si gjæring, alle sine store aander aa alle sine opfinninga aa opdaginga.

Men renaissancen hadde sine fyregangsfolk. Kopernikus aa Galilei kunne kje ha staat fram, uta at nokon hadde opna vegen aat dei. Sjølve tankane va fødde før, endaa dei fyrst fek kraft aa klaarleik i renaissancetia. Aa den eine af desse fyrste vegbrytarane det va Roger Bacon. Han aa Descartes er skaparane av den sunne vitenskaplege logik, som lærer os aa styre vite for aa finne samanheng i alle ytringa fraa natur aa folkeliv.

Roger Bacon er ei av dei største aander som hev livt.

Han kan i skarp tenkjing næsten setjas jamhøgt med Newton. Men han va dertil all-kunnig som Aristoteles, framsynt som ein profet aa fridoms-elskande som Byron.